Foto:

Elisabeth Gjerde Larsen: Eit rikt liv

Av: Bjørn Johannessen 12.09.2001


Elisabeth Gjerde Larsen er fødd på Bjoa i 1910. Ho har i år gitt ut sjølvbiografi. Bjoa-slekta hennar og oppveksten her er sentralt i boka. Dette gjer biografien til interessant lesnad både for dei som hugsar førkrigsåra og oss som kjenner att gardar og personar i hennar velskrivne skildringar.

Elisabeth byrja tidleg i yrkeslivet - som 15-åring. Etter huspostar, jobb i hermetikkfabrikk vart ho frå 1960 tilsett i Stord kommune. I tillegg til å vere yrkeskvinne har ho oppdratt 11 born. Tittelen "Den sprekaste oldemora i Norge" har ho fått på grunn av hyppig deltaking i mosjons- og maratonløp rundtom i landet. Hennar produksjon av handarbeid skal òg vere imponerande. Utan god helse og langt liv hadde ho sjølvsagt ikkje fått tid til alt dette.

Boka er utgjeven i lite opplag, men det er mogeleg at Tor Johannessen (tlf 53 76 97 59) kan skaffe fram nokre eksemplar enda.