Foto:

Endeleg start på Utbjoa

Av: Kjartan Innbjo 02.11.2015

Nå er utbedringa av vegen på Utbjoa endeleg i gong. Det har tatt lang tid, men nå er det full fart.

Det skal takast frå gamle fyllplassen og forbi "Jespsvingen". Dette er ein skummel strekning og det er gledeleg at Vegvesenet nå har satt i gang.

Håpet er at denne vinteren kan bli noko tryggare å ferdast på denne strekninga. Spesielt er det for dei som ferdast her dagleg og ikkje minst for dei som skal sykla eller gå. Det vil nok bli ein bedre opplevelse for tungtransporten og ferjetrafikken også.

På bildet er entrepenør Sigurd M. Søvik iferd med å fjerna lausmassar før båring og sprenging.

Foto: Kjartan Innbjo