Foto:

Endelig blir det ventilasjon og nytt tak på Bjoa skule

Av: Bjørn Johannessen 15.08.2003

Etter fleire år med kamp og mykje fram og tilbake er nå endeleg arbeidet starta med ventilasjon og nytt tak på skulen. Også denne gongen er kommunen avhengig av innsats frå bjoabuen for å få prosjektet i havn. Grendautvalet og foreldrerådet meinar det er viktig å trø til nå for å få jobben gjort.

Bakgrunn
Sidan 1997 har skulen blitt driven på dispensasjon frå krav til inneklima. Same år blei det første tilbodet på nytt tak innhenta. Taket på gamlebygget er nå i svært dårleg forfatning med lekkasje fleire stader og vidare dispensasjon for inneklima er uaktuelt. Nå hastar det med å få noko gjort. Og nå blir noko gjort! Helgevold Elektro er i gang med å installere varmepumper og avtrekk. Neste veke er Berge Sag og Trelast klar til å rive det gamle eternittaket.

Nå har me muligheten
På kommunen sitt budsjett for opprustning av Bjoa skule er det løyvd 1.200 000. I denne løyvinga er arbeidet med ventilasjon prioritert og vil koste kr. 720.000. Resten av summen, kr 480.000, er ikkje nok til både material og arbeidspengar for å skifte taket. I den økonomiske krisa kommunen vår er i er det vanskeleg på kort sikt å få høgare løyving. Alternativet var å utsetje arbeidet. Då ei utsetjing på ubestemt tid vil true både bygget og skuledrifta har grendautvalet og foreldrerådet forhandla fram ei løysing som kan gje skulen nytt tak i haust. Ved at Berge Sag og Trelast har gitt eit svært gunstig tilbud på jobben (som har vore ute på anbud) og opna for dugnad i prosjektet kan jobben gjerast innan den økonomiske ramma.

Dugnad
Det har vore gjort svært mykje godt arbeid frå bjoabuen for å få til det flotte skule/idrettsanlegget me har. Dei siste åra er mesteparten av energien gått med til å slost mot nedskjæringar, men nå ser det ut til at det arbeidet har gitt resultater og at innsatsen kan brukast konstruktivt. Prosjektet med byting av tak har mange jobbar som kan gjerast av ufaglærte og grendautvalet/foreldrerådet inviterar alle som kan stille til å bli med på dugnaden som skal til for å få prosjektet i havn. Blir prosjektet vellukka og me kan spare inn på løyvde midlar blir ikkje desse trekt inn men brukt til å løyse andre oppgåver på skulen. Til dømes er ikkje ventilasjon av kjellaren (formingsromma) teken med i denne omgangen.

Når tak skal skiftast er det sjølvsagt viktig at arbeidet blir gjort raskt. Grendautvalet sender i desse dagar ut ein invitasjon å bli med på dugnaden.
Kontaktpersonar for grendautvalet og foreldrerådet er: Sonja Sælevik (tlf 53 76 97 88) og Bjørn Johannessen (tlf 91 35 92 66)

Foto: Marit Eikehaugen