I år vil vi prøva noko nytt! Nyårsafta markerer slutten på året, og ikkje minst inngongen til eit nytt år. Og då vil ein samankomst i kyrkja vera ei fin ramme omkring nettopp dette.
Difor prøver vi i år å få til ei lita samling den siste halve timen før klokkene ringjer inn det nye året. Vi vil samlast ved Helsehuset på Innbjoa. Der deler vi ut faklar, og vandrar så i fakkeltog ned til kyrkja. Dersom nokon ynskjer å gå "litt lengre", er det fint om du tenner fakkelen heime i tunet, og så møtes vi på kyrkjetrappa kl 23.30.
I kyrkja vil vi ha ei enkel samling med song, tekstlesing og ein liten andakt. Klokka 24.00 ringjer klokkene inn det nye året, og vi ynskjer kvarandre godt nytt år over ein liten kaffikopp og restane av julekakene. Alle, både store og små, er hjarteleg velkomne. Sprei informasjonen til vener og kjende, og sjå plakatar og annonse.
Foto: Marit Eikehaugen. Bjoa kyrkje