Eg vil om nokre år flytte tilbake til Bjoa - slik Bjoa er no. Vi er mange Bjoa-ungdommar som tenkjer slik. Vi synest andre verdiar er viktigare i den store samanhengen.
Bjoa har i løpet av dei siste åra mista mange små bitar som til saman er med på å halde bygda i gong, og dermed ressursar for kommunen. Det er då sterkt å tenkje på kor mange som fortsatt vil tilbake og busetje seg, og starte eit liv i utkanten av utkanten.
Høyr på folket: - Hugs at det etterkvart er vi som skal drive og halde liv i kommunen!
Med vennleg helsing
Ingvild Arianson
Foto: Marit Eikehaugen. Fra Grønnevik mot Bjoafjorden og Bleng