– Fjelbergsambandet må koma med i prøveordninga med gratis ferjedrift her i landet. Det seier den samfunnsengasjerte industrimannen, Johannes G. Eide (bildet) frå Halsnøy. Han oppmodar no både politikarar og bygdelaget om å engasjera seg, slik at ferja mellom Sydnes, Utbjoa og Fjelbergøyane blir ein del av prøveprosjektet som samferdsleministeren vil setja i gang til neste år.
- Dessutan må heile distriktet rundt Fjelbergøyane, også dei på Bjoasida i Vindafjord kommune, vera med og pressa på for å få gjennomslag for dette prosjektet. På den måten kan alle vera med og gi drahjelp til eit samfunn som er truga av nedbyggjing, seier Eide.