28. april blir den 3. LagerLyd musikkfestivalen arrangert på Bjoa.
Nokon er spesielt interessert i musikk, og kjem for å høyra på artistar frå heile distriktet. Andre kjem mest for å dansa, nyta vårens første utepils, treffa kjente og ukjente folk, eller berre for å oppleva den gode stemninga i gamle fabrikken på Innbjoa Kai. Vil du vita meir om artistane?
Årets program er variert, og som ekstra musikkinteressert vil eg også seie utvalget er bra og spennande. Fleire av dei som spelar i år, inkludert meg sjølv, har stått på LagerLyd-scena tidlegare. Det er litt rart å sitte her og skrive foromtale om seg sjølv. Men, eg synest det er viktig at denne informasjonen kjem ut til dei som måtte ha interesse av å "førebu seg" til årets musikkhappening på Bjoa...
Det som er kjekt med "dei faste" artistane på LagerLyd, er at fleire av dei fornyar seg for kvart år. Siri Nesse har for fyrste gong med seg band, og spelar saman med "Mind The Gap". Fra før veit vi at Siri har ei fantastisk stemme, og at ho verkeleg kan det med å engasjere publikum!
Tom Roger kjem til LagerLyd som ny artist, og fortjener ein liten presentasjon for dei som ikkje har kjennskap til musikken hans. I dag gir han ut si debutplate "Obviously embraced" i Irland. Låtane hans er melodisk spennande med fine tekstar, samstundes som det er mykje rolig musikk, er det også fengande. Vil du høyre på nokre av låtane hans før LagerLyd? Som mange andre artistar har også Tom Roger ein MySpace-profil på internett.
Adressa er: www.myspace.com/tomrogermusic
Fredag viste TV-Haugaland ein reportasje om Tom Roger i samband med plateutgivinga. Kanalen valgte å kalle han for "Haugesundbølgens far", då han har jobba på Skeisvang og vore mentor for fleire dyktige artistar og band i frå Haugesund og omegn.
For å sjå videoklippet er adresse til link: http://www.tvhaugaland.no/tvh/nyhetssak_kommentar.asp?id=2417
"The Fence" kjem ikkje med Karl Olav Gjerde i spissen denne gongen - men ei ny utgåve av bandet opnar festivalen med eit sett instrumental musikk. "The Shadow Of The Fence" går på scena kl.19.00, med dei rette låtane for skikkelig festivalstemning.
Elles spelar også Inger Mari Hetland, Leftovers og Emily Plays.
For å høyre på musikken til Emily Plays, gå inn på: www.myspace.com/seemilyplays
Vokalist i Leftovers, Pål Flåtene, har også ei nettside: www.myspace.com/palflatene
Ingvild Arianson (underteikna) spelar saman med gitaristen Nils Bjarte Aarskog frå Stord. Radio Haugaland spelte eine låten min forrige fredag, etter å ha vore inne på myspace-profilen min. Det er jo litt stilig, synest eg. ;) www.myspace.com/arianson
Til sist, men ikkje minst, Bjoa LagerLyd har også sjølvsagt sin eigen myspace-profil. Der kan du finne fullstendig program, lese om alle artistane og få annan informasjon om arrangementet.
Klikk deg inn på: www.myspace.com/lagerlyd
Linn Gjerde er fantastisk flink som har sett i gong denne kulturelle tradisjonen, og viser med dette at på Bjoa går alt an!
Nå skulle her vere mykje å lese om og god musikk å høyre på, når det snart er tid for bittelitt ferie. God påske!