Så har vi fått oppleve det igjen:
Ei flott sommaravslutning for elevar med søsken, foreldre og besteforeldre og lærarar.
Det synest som om sommaravslutninga kjem tidlegare for kvart år ? Plutseleg er det midtsommar og tid for skuleelevane sin sommarferie. I tråd med god tradisjon på Bjoa arrangerte skulen i går sommaravslutning for og med elevar med familiar og lærarar.
Eit skuleår som har vore prega av ei sporty haldning og mykje sporty innhald fekk si avslutning innleia med ein fotballkamp der små og store elevar, lærarar og foreldre sprang om kvarandre på den flotte grøne grasmatta.
Det eine laget vant - og alle var like blide!
Etter ferdigspelt kamp var alle invitert i gymsalen der det var laga til koseleg kafé i regi av elevrådet. Ein sporty og svett rektor ønskte velkommen og let forsamlinga kose seg med pølser, kaker og brus medan ho og dei andre aktive gjekk i dusjen.
Det er ikkje avslutning utan underhaldning. Og som vanleg var alle elevane i sving. Vi lot oss sjarmere av 1.-4.klasse som i fin korstil framførte kjende songar, akkompagnert av Lasse på pianoet. Dei var SÅ flinke og smilande - og hadde til og med øvd inn at det blei kasta ein blomekrans ut til publikum under songen "Bind meg ein blomekrans" ! Stilig!!!
Kulturskulen viste seg fram både med drakedans og meir moderne rytmer og miming, og jammen var det også eit innslag på piano! Det er tydleg at mange har stått på for å førebu seg - og prestasjonane var til tider heilt rå!
Den etter kvart tradisjonelle forma som Bjoa skule har funne i høve til å markere avslutninga for avgangselevane er både stilig, personleg og fantastisk flott! Nokre overraskingsmoment er det,- men det heile er spunne rundt ein tradisjon med at kvar elev blir kalt opp på scena gjennom ein song spesielt mynta på seg. Det er tydleg at elevane set pris på å bli gjort stas på!
I år hadde også 5. og 6.klassingane laga song som dei framførte for 7.klasse. Det heile blir veldig personleg og fint når kvar elev blir nemnt med namn!
Det blei delt ut roser og bamser til avgangselevane og sjølvsagt mange fine ord frå lærarane. Elevane kvitterte med ei helsing til rektor.
Så var det foreldrerådet sin tur. I Agnar sitt fråvær fekk Kåre Frøland æra av å dele ut gode ord og gåver frå foreldra. I år var det gåvepakkar frå Kjerringgarden,- aromatiske produkt som dei fleste set pris på!
Nok ein gong fekk vi konstatert at vi har ein flott skule som i tillegg til å takle kvardagene på ein god måte også KAN arrangement!
Det er berre å ta hatten av for eit vel gjennomført arrangement. Tusen takk til alle som bidrar til dette!
----Og så trudde alle det var slutt? Ikkje heilt. For etter ein lang arbeidsdag stilte Lasse opp for å tilbringe natta på skulen i lag med 7.klasse! Kuuult!
God sommar til store og små på Bjoa skule!