Foto:

FOLKERØYSTING 17. FEBRUAR 2003 - KOMMUNESAMANSLÅING

Av: Marit Eikehaugen 01.02.2003

Fra Ølen kommune har vi fått følgende: - For deg som ikkje har høve til å røysta den 17. februar vil det finna stad førehandsrøysting på kommunehuset i Ølen for veljarar i Ølen.
Førehandsrøystinga vil foregå slik:
man.- fred. 20.01 - 14.02.03 kl. 09.00 - 15.30.
lørdag 15.02.03 kl. 09.00 - 14.00
søndag 16.02.03 kl. 15.00 - 18.00

Valstyra skal også stå for førehandsrøysting for sjuke og uføre som ikkje er i stand til å møta fram i eit vallokale. Du som ynskjer å røysta heime, kan ta kontakt med Jan Husebø i Ølen kommune på tlf. 53766700, som vil gi nærare opplysningar om dette. Fristen for å be om å få røysta heime er måndag 10.02.03.

For å kunna røysta må du ha fylt 18 år i løpet av år 2003, dvs. vera fødd i 1985 eller tidlegare. Dessutan må du stå i manntalet i kommunen. Dette kan du kontrollera i manntalslistene som er lagde ut på kommunehuset i Ølen frå og med 20.01.03 til og med 17.02.03.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg og grunngitt krav til valstyret i din kommune.

for Ølen valstyre
Arne Bergsvåg, leiar