Julemarknad i Marknadshallen har blitt ein suksess og etter kvart ein tradisjon. No er førebuingane av årets julemarknad i full gong.
I desse dagar retter Marknadsnemnda førespurnad til potensielle torghandlarar med tilbod om torgplass i Marknadshallen laurdag den 10. desember.
Julemarknaden skal vera ein plass der mest mogeleg lokale varer blir bragt til torgs. Det går føre seg produksjon av ei rekke ulike varer heilt lokalt,- og det er først og fremst desse varene vi ynskjer skal koma fram på ein lokal marknad.
I tillegg til at vi har mange småprodusentar i eiga bygd, håpar vi også i år på deltaking og produkter frå andre bygder. Det vil også i år vera plass til kremmarar som forhandlar varer frå andre. På Buo strekkjer dei seg ekstra denne dagen,- og serverer mange godsaker i Drøsestovo samt at det er ekstra gode juletilbod i butikken.
Til saman håpar vi dette også i år vil bli ein livleg marknadsdag der mange vil møte opp og gjera ein god julehandel og få den gode stemninga med på kjøpet.
Marknadsnemnda består av følgjande personar: Bente Skålnes,Alf Magne Gundersen, Ingrid Johannessen, Bjørn Johannessen, Vigdis Svendsbø, Anne Gunhilde Oma og Elin Arianson.
Når marknadsnemnda kontaktar potensielle torghandlarar er det alltid ein fare for at me gløymer nokon, eller ikkje veit om alle som kan vera aktuelle. Er du ein lokal produsent eller forhandlar som ynskjer plass på marknaden men ikkje er blitt spurt, så ta kontakt med nokon i marknadsnemnda snarast.
Foto: Jarle Sandsgård: Målfrid byr fram fisk på julemarknaden