Foto:

Fotballavslutning 8- og 10-årslaget

Av: Anne Gunhilde Oma 16.11.2004

Mandag kveld vanka det diplom og pokal for heiderleg insats i fotballsesongen 2004.

Heile 28 ungar var samla i gymsalen til leik og moro, pølsefest og utdeling av diplomar og pokalar. 8-årslaget består av gutar og jenter i 1.-4. klasse. Dei har vore kjempeflinke. Roy Erik Hetland har vore trenar og Rita Bjørnøy har vore oppmann. I tillegg til seriekampar har dei vore med på Etne-cup og "Labb og Line"-cup.
Dette er ein gjeng som tek seier og tap med like stort smil.



10-årslaget er flinke gutar og jenter frå 5.-6.klasse. Dei har verkeleg fått "dreisen" på fotballen i år, og har vunne fleire av kampane sine. Og om dei skulle tapa, så gjer det ingenting - spesielt ikkje viss det er bortekamp; for då skal dei på Statoil å snopa alikavel! Trenar her har vore Dag Tore Madsøy og oppmann Roger Rolfsnes.

Foto: Anne Gunhilde Oma