1. september blir Bjoamarknaden 2001 arrangert, og det blir i samband med den invitert til fotokonkurranse.
På marknadsdagen vil publikum stemme fram vinnarbiletet, vinnaren får eit kamera frå Fotomagasinet Nygaard i Haugesund. Kravet til bileta er at dei på ein ellar annan måte må kunne knyttast til Bjoa.
Får ein inn nok bilete, vil det kanskje bli laga ein Bjoakalendar der bileta blir brukt. Bileta treng ikkje vere av nyare dato, så her er det berre til å finne fram albumet og leite etter bilete frå ulike tider av året!
Bileta må vere Bjoamarknaden i hende innan onsdag 29. august, og kan
leverast tilJarle Sandsgård (er å treffe på Buo til dagleg) eller sendast til Jarle Sandsgård, Hetland, 5584 Bjoa, eller leverast inn på Buo Landhandel eller sendast som digitalt bilete (høg oppløysing) tilsandsgaa@online.no
Hugs å leggje ved informasjon om motiv, kva tid biletet er teke (årstal og dato), fotograf (navn og alder) og retur-adresse viss bildet skal returnerast.
Viss Bjoamarknaden mottek mange bilete, vil ein jury plukke ut bileta som går vidare til avstemming.
Bjoamarkaden føreset at bileta kan brukast vederlagsfritt i ettertid.