Palmesøndag var tillyst friluftsgudsteneste på Vikestølen, felles for Bjoa og Vikebygd sokn. Ein fin flokk i alle aldrar gjekk til fots oppover frå Eikås på Bjoa eller frå Djupava i Vikebygd.
Jens Tveit, som også har oppgåva som "lek gudstenesteleiar" i Ølen Prestegjeld, var den som skulle forretta gudstenesta, og tala over dagens tekst. Det er ikkje kyrkjeorgel her på Vikestølen, men organisten hadde med seg trekkbasun, og spela til songane - og songen tona klart og fint utover setervollen. Sola var framme av og til, og gjorde det rett triveleg her utanfor hytta.
I alt var det 35 som samlast frå Bjoa og Vikebygd til denne gudstenesta, i tillegg kom det fleire turgåarar utover dagen. Vikestølen har etter kvart vorte eit fint samlingspunkt der Vikebu og Bjoabu kan møtast og fina saman. Ja, det må vel også takast med at det var nokre som og hadde teke vegen frå Ølensvåg og kanhende andre bygder med, for å vera saman med oss.
Palmesøndag skulle vel teksten vore om då Jesus reid inn i Jerusalem, og med palmegreiner og hurrarop. Men denne dagen var preiketeksten ut i frå det som skjedde 6 dagar før påske (Johannes ev. kap. 12, v 1-11). Då vart Jesus salva i Betania. Han var i heimen der Lasarus budde, han som Jesus tidlegare hadde vekt opp frå dei døde. Dei helodt gjestebod for han, då Maria tok den dyrasta salva dei hadde (Nardus salve), og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Denne salva kosta på den tid like mykje som ei heil årsløn. Slik vart Jesus salva til den gjerninga han skulle fullføra: Å gje sitt liv til soning for alle menneske på jorda.
Jens Tveit fekk lagt dette fram så vi mest kjende lukta av Nardus salva der vi sat.
Då Gudstenesta var over, vart sekkane opna, og nista teken fram. Nå var det lukta av kaffi og skjever med egg og salami som fylte terrassen på Vikestølen. Palmesøndagen der Bjoabu og Vikebu i saman kunne kosa seg oppe i fjellet, og få ynkja kvar andre ei god påskehøgtid.