Den gamle kolerakyrkjegarden i Vedvikjo blir ei stemningsfull ramme når Bjoa sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste 1. august. kl. 11.00. Pensjonert feltprest Per Nordbø forrettar og det blir lokale musikkinnslag.
Historia til kyrkjegarden går over 150 år tilbake i tida, og interesserte vil få høyra meir om den etter gudstenesta. Etterpå blir det aktivitetar for heile familien på grasvollen ved badevika.
Me prøver volleyballbanen med ein kamp mellom Bjoa sine kommunestyrerepresentantar og soknerådet, - dommar blir leiar i fellesrådet Lars Dalen. Det blir tevling i hesteskokasting og ringspel med premiering, og høve til å prøva seg på sekkehopping og kubbespel. Og ikkje minst håpar me på badever!
Soknerådet sel varm mat og kaffimat, og det blir ordna med skyss ned og opp for dei som har vanskar med å gå. Ring Odd Gjerde tlf. 53 76 97 93.
Me håpar på ein flott dag med masse folk i Vedvikjo! Skulle det bli dårleg vær, blir det vanleg gudsteneste i kyrkja.
Foto: Marit Eikehaugen. Kolerakirkegården i Vedvik.