Bjoa sokneråd inviterer komande søndag (31.07) til gudsteneste og familiedag i Vedvikjo kl. 11.00. Den gamle kolerakyrkjegarden skaper ei stemningsfull ramme, og i fjor var over 70 personar samla til gudsteneste innafor dei gamle steinmurane.
Etter gudstenesta blir det aktivitetar for heile familien på grasvollen ved badevika. Her blir leikar for borna, og kanskje stiller sokneprest Nedrelid opp som blink for svampkasting? Soknerådet sel grillmat og kaffimat, så ingen treng tenkja på niste denne dagen. Og ikkje minst håpar me på like fint badever som i fjor! Historia til kyrkjegarden går over 150 år tilbake i tida, og interesserte kan få høyra meir om denne.
Det blir ordna med skyss ned og opp for dei som har vanskar med å gå. Ring Odd Gjerde tlf. 53 76 97 93.
Me håpar på ein flott dag med masse folk i Vedvikjo! Alle inntektene denne dagen går til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt blant gatebarn i Equador.
Skulle det blir regnver, blir det vanleg gudsteneste i kyrkja.
Bjoa sokneråd
Foto: Liv Kari Bødtker. Søndag ringjer det igjen inn til gudsteneste på den gamle kolerakyrkjegarden i Vedvikjo på Bjoa.