Foto:

Full aktivitet på Buo

Av: Jarle Sandsgård 03.01.2001

Ein snau månad før ny-opninga av butikken er det nå full aktivitet i og utanfor bygningane på kaien på Innbjoa. Butikklokalet skal byggjast om, og det er mykje som skal vere klart til butikken opnar i månadsskiftet januar/februar.

Arne M. Hauge t.v. og Torgeir Sandsgård frå T. Sandsgård Anlegg har meisla opp kaien for å leggje ned nytt avløp, nye kablar og røyr.

Sigbjørn Klungland frå Einar Eide & Co i ferd med å flytte kjøleanlegget ned i dei nye butikk-lokala.

Butikksjef Kåre Nymark t.v. og huseigar Bjørn Johannessen diskuterer ombygginga av lokala.

Malvin Aarak frå Svendsbø Elektro borar hol for nye leidningar.


Alf Magne Gundersen i ferd med å slå vekk delar av ei gammal trapp for å få plass til nye vegger.