Full applaus for Vestida sin klevising på Bjoamarknaden.
Av: Elin Arianson 03.09.2001
Det var trongt om plassen i gymsalen då Vestida sine mannequiner steig fram på catwalken.
Etter store oppslag i media om Vestida sine kreasjonar var det høge forventningar til denne visinga. Samtlege modellar var lokale – frå unge jenter til vaksne damer. Dei var så fine! Det oste kvalitet både av design og materialval på dei kreasjonane som blei vist fram.
Her var noko for ein kvar smak. Klassiske drakter med snertne snitt, lune og mjuke bukser og genserar som innbyr til koselege haustkveldar, lag på lag med skjørt, toppar og vestar. Og ikkje å gløyma dei meir outrerte og tøffe skjørt, kjolar og poncho i grove silkematerialer. Så spesielle og så flotte!
Stilige og tøffe var også dei strikka plagga som vart viste. Vestida har her designa fantastiske kombinasjonar av fargar, mønster og snitt. Mange hadde nok lyst på eit strikka plagg etter å ha sett dei flotte modellane som blei vist fram.
Det beste av alt er at Vestida har produksjonslokala sine her i bygda. Det er fantastisk å vita at vi kan bestille skreddarsydde klede av lokal design på Utbjoa! Til Heidi og Siri i Vestida er det berre å seia: Gratulerer med vellukka première i Bjoabygda!
Foto: Jarle Sandsgård. Vestida hadde også stand i gymsalen, her er Siri i prat med potensiell kunde