Tippinga på Buo har kome for å bli. Sist laurdag var det omsetningsrekord på tippinga, og også i sjølve butikken. Det er i hovudsak feriefolket som toppar besøket på Innbjoakaien no i fellesferien, eit signal om at reiseliv er noko Bjoa kan satse enda sterkare på.
Laurdag 28. juli var ein merkedag for Buo Landhandel på Innbjoakaien. Omsetningen i butikken var høgare enn på knallopningsdagen i vinter, og det vart òg satt omsetningsrekord på tippinga. - Norsk Tipping har meldt attende til oss at omsetninga i snitt ligg godt over minstekravet dei set til kommisjonærar, seier ein nøgd Kåre Nymark til Bjoanett. Dermed er det slege fast at det vil bli høve til å levere tippe-, lotto- og extrakupongar på Bjoa også i framtida.
Bjoa har i sommar vore godt besøkt av både hytte- og båtfolk. Det er tydeleg at feriefolket set pris på å kunne få både diesel og bensin, daglegvarer og ferskvarer på same staden. Slukar og anna fiskeutstyr har gått unna, og med veret sist helg er det ikkje til å undrast over at det var blåst for grillkol på laurdag ettermiddag.
- Dette syner at Bjoa er ein populær plass for folk som er på ferie, seier Kåre Nymark. Han meiner at det sikkert er meir ein kunne gjera med tilrettelegging og aktivitet, både på Innbjoakaien og andre stader i bygda for å syne Bjoa som eit enda meir attraktivt feriemål. - Natur og kultur har me i massevis. Så gjelder det berre å legge til rette for at folk oppdager dette og kjenner det fristande å koma hit, avslutter Nymark.