I helgas serierunde på Husnes vann Bjoajentene alle sine kampar i 2.divisjon damer junior, og rykker dermed opp i 1.divisjon neste seriehelg som går i Haukelandshallen.
Volleyball-laget på veg mot Utbjoa ferjekai. På kaien stod velkomst-komiteen beståande av Vebjørn og Agnes Fosse, Tommy Dommersnes og Arnulf Utbjoe. I sundet blir dei møtt av Kjartan Innbjo i småbåt. På berre 3 sesongar har Bjoajentene som var heilt ferske i spelet klatra frå bånn av 3.divisjon til 1. divisjon. Dette viser at det er talent ute og går i bygda . Med berre ei trening i veka, mot andre si inntil 3 , rykker dei no opp i 1.divisjon.
Volleyball-gjengen F.v: Ingvild Arianson (spelar ikkje for Bjoa denne sesongen, men fekk vere med på bildet likevel), Trine Sørensen, Aina Innbjo, Hilde Gundersen, Therese Hegerland, Judith Gundersen, Camilla Miljeteig, Christine Lampe, Sukanya og Ingebjørg Innbjo. Foto: Agnes Fosse (som ikkje kunne vere med grunna sjukdom)
Når det er sagt, så er konkurransen atskillig tøffare i 1.divisjon, og målet som før var å vinna 2.divisjon, må nå vera å klara å behalda plassen i 1.divisjon . I denne divisjonen vil me møte bla. Trio, Strandulv og andre veldig gode lag. Bjoajentene let seg ikkje skremma av den grunn, og går nå inn i ein god treningsperiode før neste seriehelg.