Fredag kveld var det fest for dugnadsgjengen som har stått for oppussinga av Gardavikhytta.
Med reker på menyen var det duka for ein triveleg kveld for dugnadsgjengen. Etter mange og lange arbeidstimar dei siste to månadene kunne jentegjengen nyta ein triveleg kveld med fyr i omnen, blomar i vasene og god mat og drikke på bordet.
Det var svært triveleg å samlast på denne måten og ut over kvelden kom det mange gode idear til vidare bruk av hytta.
Først ut er pensjonistene som er inviterte til førstkommande torsdag. Vi sender ei ekstra oppmoding til Bjoapensjonistane om å melde seg på til Vigdis innan i morgon. No har vi "testa" hytta og anbefalar ei hyggjestund der på det varmaste!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.