Foto:

Gardavikjo – Oppussing av hytta

Av: Anne Gunhilde Oma 23.04.2003

Som mange sikkert hugsar, så vart det gjort ein del dugnadsarbeid i Gardavikjo i fjor sommar. Hytta vart bl. a. skrapa og måla utvendig, og det vart gjort ein del på området rundt.

Då vart det og laga ein komitè som skulle ta tak i oppussinga inne. Dei som er med på dette er: Vigdis Svendsbø, Elin Arianson, Torunn Hetland, Ingrid Johannesen og Anne Gunhilde Oma.
I løpet av seinsommaren/hausten i fjor gjekk me over hytta for å sjå kva som burde gjerast, og me valgte ut nokre fargar. Nå er det snart sommar igjen, og me er ivrige etter å koma i gang med arbeidet. Me ynskjer at det snarast viser resultater etter oss, og har difor bestemt oss for å ta stova først. Her skal taket malast, veggene vaskast og lutast, male vinduspostar/lister/ stolar og golvet skal slipast og lakkast.

Første arbeidsøkt i vår blir 30. april – 3. mai. Med så mykje som skal gjerast, så er det godt å vera mange. Er det nokon som kan vera med ei økt nokre av desse dagane, så er me svært takksame for all hjelp me kan få! Ta kontakt med Anne Gunhilde.

Me vil og koma med eit ynskje om ei gåve til Gardavikjo; Er det nokon som har eit fint brukt spisebord m/klaffer (helst eik) å gi bort, så ta kontakt med Elin Arianson. Me har lyst at Gardavikjo skal vera meir i bruk, og ynskjer difor å laga til eit arrangement i løpet av sommaren. Idèar som har kome opp er; kurs, konsert, malekurs, eventyrstund, lyrikkveld…

Har DU idèar, så ta kontakt med ein av oss i komitèen!

Foto: Marit Eikehaugen. Gardavikhytten stråler nå mot himmel blå.