Foto:

Gladkveld med Gamal God Aargang

Av: Bjørn Johannessen 17.03.2006


Glade spelemenn og songarar i "Gamal God Aargang" saman med styret for grendahuset inviterar til musikk/song/allsong på Bjoa skule 2.4.06 kl 16.00. Møt opp med godt humør, oppvarma songstemme og gjerne instrument.

Dei som vert med 2/4 er:
Arne Erdalsdal og Torleiv Tveit frå Sveio (trekkspel og gitar).
Alf og Leif Nordnes frå Karmøy, (bass og gitar.)
Leif Stuland, Haugesund og Erling Norbø, Karmøy(trekkspel)
Kristian Frøyland, Skjold (trekkspel)
Sigmund Tveit, Bjoa (trekkspel)
Ingvild Arianson representerar ”ein ny årgang”, og deltek med sang i lag med Knut Eggen som i tillegg òg er leiar av programmet. Desse to representerar òg Bjoa. Programmet er lagt ut lenger nede på sida.

I tillegg inviterar Gamal God Aargang dei som har lyst å spele med på allsangen til å ta med musikkinstrument og spela med frå bakerste rad. Toneart står påført i programmet. Sangheftet for allsangane vert selde ved inngangen for kr 20,- pr stk.

I programmet er det lagt inn ein pause. Då vert det seld kaffi, kaker m.m. Og lodder der inntektene går til grendahuset.

Velkomne til gladkveld på Bjoa 2.4.06 kl 16.00

Med helsing

”Gamal God Aargang” og styret for grendahuset.