Det var god stemning då dei frammøtte pensjonistane benka seg rundt festdekka bord i Gardavikjo til årets sommarlunsj sist torsdag.
I år som i fjor inviterte Bu-og oppvekstgruppa pensjonistane til sommarlunsj i Gardavikhytta. Litt småregn tidleg på føremiddagen hindra ikkje at dei kom, forventningsfulle og i topp humør. Flagget var heist til topps og inne i hytta var det lun omnsvarme og festdekka lunsjbord. Dei var ni i alt. Nokre kom med eigen bil, men her var óg tilbod om skyss, så Torunn stilte opp og henta alle som ynskte det.
Det blei ei hyggjeleg stund der det også var plass for mimring frå tidlegare tider, då pensjonistane var dei drivande for vedlikehaldet av hytta. "Me hadde mange mannfolk med oss, då.....og jammen var dei flinke til å jobba!"
Etter at maten var kome på bordet og kaffien i koppane var det tid for ei lita overrasking. Ingvild dukka opp med gitaren og underhaldt med song og spel, noko som blei tatt godt imot. Dei blei heller ikkje skuffa dei som ynskte seg litt ekstra på ein torsdagsføremiddag,- også i år vanka det nydelege kaker - som det seg hør og bør i festlege lag på Bjoa.
Under sommarlunsjen i fjor føreslo pensjonistane sjølv at me godt kunne ha ei utlodning,- så slik vart det i år. Me hadde samla fine gevinstar og det var mange som gjekk heim med blomar, kaffiposar, hagehanskar og anna. At Ruth vann tursekken syntes alle var på sin plass,- ho er ein av dei mange spreke turgåarane! Overskotet av utlodninga går sjølvsagt til Gardavikhytta.
Dei såg fornøgde ut alle då dei i fint solskinn rusla opp vegen nokre timar seinare. Men nok eit hyggjeleg minne frå vår felles perle Gardavikjo.
Takk til dei som var med og stelte i stand og til dei som møtte opp!
Foto: Elin Arianson: Pensjonistane samla utanfor glasverandaen ved Gardavikhytta