Are Gjerde skriv at haien som gjekk i garnet ved Klubben er av menneskeetande art. Men det er ikkje grunn til å droppe badinga, i alle fall ikkje enno...
Are fortel at haien på bildet er ein blåhai. På latin Prionace glauca. Dette er ein hai som reknast som menneskeetar og er sjelden langs norskekysten.
Blåhaien som Karl fekk i garnet var eit lite eksemplar av arten, dei kan bli fire meter lang og ca 200 kg. Og det er først då dei blir ein trussel for oss.
Så Are trur ikkje det er farleg å bade med det første...
Foto: Fred Rune Steinsland