Foto:

Hald fred om skulen vår!

Av: Anne Gunhilde Oma 14.08.2002

OPE BREV TIL ØLEN FORMANNSKAP V/ ORDFØRAR ARNE BERGSVÅG

Nå får nok vera nok! Nå må de som styrer i kommunen snart begynna å bruka sunt bondevet. Er det rett at det er dei minste som skal måtta ta støyten for kommunen sin skakkøyrde økonomi? Svaret er enkelt – NEI! HALD FRED OM SKULEN VÅR!

Eg har ein 6-åring som har gleda seg heile sommaren til å byrja i 1. klasse på Bjoa skule. Men for meg som mor har sommaren og vore prega av klump i magen og redsel med tanke på trusselen om å mista skulen vår. Skal ikkje ungane på Bjoa og i Vikebygd få gå på skule i heimbygda si????
Eg meiner det er ein menneskerett at min vesle Håkon - og alle andre ungar på Bjoa og Vik – nå og i framtida skal få gå på skule i heimbygda si.

I desse dagar med så mykje sentralisering, er det viktig for bygda vår – og for kommunen – at ungane får ein tilhøyrighet her frå dei er små. Ved å måtte sende ungane ut av bygda i låg alder, er det ikkje lett å skapa denne tilhøyrigheten.
Og ein annan ting: Ville de som foreldre sendt dykkar små håpefulle fleire mil med buss, den største mobbeplassen av alle!

Ølen skal vere stolt av bygdane sine og ta godt vare på dei. For Bjoa og Vik er skulen bærebjelken for at bygdane skal kunne bestå. Tek det skulen frå oss vil det på sikt få store konsekvensar – for Bjoa, Vik og ikkje minst for Ølen kommune. Det vil bli fråflytting, og det er ikkje til Ølen sentrum folk vil flytta! Det skal ikkje flytta ut så mange familiane før heile innsparinga på å ta skulane er eten opp av tapte skatteinntekter. Heller ikkje vil det koma nye folk til ein stad som ikkje har skule. Det er noko av det første ein ser på når ein vel å flytta på seg.

Kva sparer de på å leggja ned Bjoa og Vik skule, eller delar av dei? MUSAPISS!!!!! Nei, ta til vèt, og freda skulane på Bjoa og Vik ein gong for alle! Her dreier det seg om meir enn pengar – det dreier seg om små, uskuldige barn. Det dreier seg om Ølen kommune si framtid som ein god kommune å bu i.

Bjoa, 14.08.02
Anne Gunhilde Oma, Bjoa.