Foto:

Hallo alle flittige innskriverar til Bjoanett

Av: Kristine Rolfsnes 02.11.2006


Eg er omtrent kvar dag inne her og tar min daglige titt her inne på den flotta sio våres. Den kan me vera sååå stolte av at me har. Kjempekjekt for oss som e flytta der i fra, der me kan lesa om ka som skjer med dei forskjellige.

Eg har fått med meg denna diskusjonen (red.anm. se Gjesteboka) som har vore her litt nå, men vett ikkje om eg forstår meg sånn på den(?). Derfor føler eg at eg ikkje er den rette til å uttale meg på dette område. Men det eg kan sei er at eg håpar at gamle utflytta Bjoa-buar, kan finne turen til Bjoa og finne nytt rotfeste der.

Eg bur på Stord og trivst med det, men kanskje EIN gang kan me også finne vegen tilbake til Bjoa. Eg syns det er så innspirerande å hørra på Ingvild, som også bur på Stord, ka planar hu har om detta å flytta tilbake. Hu legg IKKJE skjul på at det er det hu vil. Eg får jo håpa at alle me Bjoa-patriotar har samme meining om at me vil gjera alt for at bygda vår skal klare seg. Med tanke på skule, barnehagen, små- og mellomstore bedrifter, og IKKJE minst Buo, som nå er blitt Joker. Jippi, dette var jo blitt kjempebra Kåre:) Eg blir så glad når eg kjem ned på Buo ein laurdag og ser at folk pratar, drikk kaffi og koser seg.

Me må kjempa for å få tilbake, og ikkje minst få nye folk som vil etablere seg på Bjoa,og stifta familie her. Dei treng også ein jobb skal dei klare seg.....Eller?

Dette blei et langt brev, men, men.....Me likar jo bygda vår, og vil jo framleis ha voksne og ungar som vil vekse opp. Eg likar meg på Stord, det er der eg bur nå, men heimplassen min vil alltid vere på Bjoa...........

Foto: Marit Eikehaugen. Kristines hjembygd, Bjoa. Med Buo, Grønnevik til høyre og Hjartaker (byggefeltet) i bakkant.