Foto:

Hard konkurranse

Av: Jarle Sandsgård 04.09.2001


På Bjoamarknaden blei årets Bjoabilete stemt fram, og det skulle vise seg å bli ein hard konkurranse.

Ein månad før marknaden blei det lyst ut fotokonkurranse, der einaste krav til bileta var at dei skulle kunne knyttast til Bjoa. Det blei levert inn over 40 bilete, der det eldste var teke i 1916, og det nyaste nærast var dagsferskt.
Brorparten av bileta hadde natur-motiv, men det blei også levert inn bilete av personar, hus og framkomstmiddel.

Mange flotte bilete
Folk var imponert over kor mange flotte bilete som var levert inn, og brukt jamt over lang tid for å bestemme seg for kvar som var best. Oppteljinga viste at det var ein jamn kamp mellom fleire av bidraga, men biletet av kyrkja, som var teke av Terje Bødtker, stakk til slutt av med sigeren.

"Drøsestove-gjengen" engasjert
Også i tida før marknaden var det fleire som var sterkt engasjert i fotokonkurransen. Bileta blei levert inn på Buo, og då fall det seg naturleg å spørje "drøsestove-gjengen" om hjelp for å finne ut kven personane på dei eldste bileta var. Dei fleste bileta var rein "plankekøyring", men bryllaupsbiletet av Kristina og Karl Nygaard frå 1927 blei ei hard nøtt. Hjelp til å finne ut av dette blir motteke med takk!

Bestilling av bilete
Under marknaden kom det inn bestillingar på fleire av bileta. Er det fleire som ønskjer å få tak i ein kopi av bileta, kan dei ta kontakt med Jarle Sandsgård eller sende ein e-post til marknaden@bjoa.no