Foto:

Helselagsbasar torsdag 27. september

Av: Liv-Kari Bødtker 12.09.2012

Tradisjonen tru har Helselaget basar siste torsdagen i september til inntekt for laget og huset.

I år har me fått Bjoa Barnekor til å opna basarkvelden for oss med litt gladsang. Etterpå set me i gang med åresalg med masse kjekke gevinstar både til vaksne og ungar. Midt i økta har me drøsepause med heimebakst, kaffi og saft. Til slutt trekkkjer me bøkene med blant anna saueskinnsfell, juleduk, kransekake, sengetøy og mykje meir.

Mest spennande blir det å sjå kven som vinn dokka i år: Som vanleg har Herborg Fosse gitt dokke og strikka flott garderobe til den! Har du ikkje fått kjøpt lodd i dokkeboka eller dei andre bøkene, har du sjansen på Buo laurdagen før basaren eller på sjølve basaren.

Me håpar på mykje folk i år og ta gjerne ungane med, - basar er spennande for alle. Har du lyst å støtta laget med ein gevinst til åresal eller bøker, blir me sjølvsagt glade for det!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.