Foto:

Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset

Av: Marit Eikehaugen  03.10.2018

Hentet fra Facebook: -Den tradisjonelle Helselagsbasaren går av stabelen torsdag i haustferien. Gammaldags åresal med eit mylder av gevinstar og trekning av basarbøker med flotte gevinstar som gavekort, handarbeid, verktøy m.m. Bjoa barnekor opnar basaren med song, og det blir matpause med tid til skravling. Me håpar på "stinn brakke" og fastbuande, feriefolk og gjester i alle aldrar er hjarteleg velkomne!

Me tar med glede i mot gevinstar til åresala eller i bøkene. Kontakt "basargeneral" Anita Hansen tlf 909 88 787 viss du vil bidra med noko. viss du ikkje har hatt loddseljar på døra, kan du kjøpa lodd i basarbøkene på Kiwi fredag og lørdag og sjølvsagt på basaren.