Foto:

Helselagsbasaren torsdag 13. oktober

Av: Liv-Kari Bødtker  06.10.2016

Nok ein gong ønskjer Bjoa Helselag velkommen til den tradisjonsrike haustbasaren. Med god erfaring frå tidlegare har me lagt den til haustferien, og håpar at både heimvende bjoabuar på ferie, hyttefolk og sjølvsagt vårt trufaste «heimepublikum» tar turen på Helsehuset denne kvelden.

I fjor var me nesten 100 personar på basaren! Styremedlemer og andre hjelpsame damer i bygda har alt vore rundt på husa med bøkene i fleire veker. På dokkeboka kan du vinna ein nydeleg babyborn-dokke med fantastisk garderobe strikka og gitt av Herborg Fosse. På «dei vanlege» bøkene er hovudgevinsten eit gåvekort på Ebnes, Hageland Ølen på kr 1000,- og masse anna kjekt for både menn og damer! Har du ikkje fått ta lodd enno, så treffer du oss på Buo på lørdag. Det blir også 5-6 åresal med gevinstar for ein kvar smak. Mange bedrifter har gitt oss flotte gåver, og så strøymer det på med fine ting fram mot basaren både frå medlemmene og andre! Til å opna basaren har me fått med oss Linn Gjerde, ektemannen Trond Ponce og dotter hans Rebekka som er «heime» på Bjoa i ferien. Linn vil underhalda med ord og Trond og Rebecca med fine tonar. Gled dåke! Matøkt med heimebakst, kaffi og saft blir det sjølvsagt også.

Dei siste åra har basaren gitt vel 35.000 kjærkomne kroner i inntekt som går til drift og vedlikehald av Helsehuset og til Helselaget og Norske Kvinners Sanitetsforening sitt arbeid (sjekk gjerne www.sanitetskvinnene.no). Me gler oss til ein travel basarkveld med god stemning, og ønskjer alle – både store og små – hjarteleg velkomne til basar!