Foto:

Høstsamling på Romsa

Av: Marit Eikehaugen 08.09.2006

Kystlaget Romsa inviterer medlemmene til høstsamling på Romsa helgen 15. – 17. september.

Jan Husebø skriver: - Helga vert ein kombinasjon av dugnad og sosialt opplegg. Dugnaden organiserer me etterkvart på Romsa alt ut frå vertilhøve. Der er ein del malingsoppgåver, litt flikking på tak, ein del rydding ++.

Når me møtest på fredagen kan dei som vil, setja ut litt garn og teiner rundt øyane for matauk til lørdags. Dei to siste åra har me hatt ein hurrande festkveld i Haukelandsløa på laurdagen der fangsten frå fredag var tilberedd etter alle kunstens reglar. Laget har førebudd seg på same opplegget i år og. I tillegg er der råvarer att etter Havnedagane til ei stor baccalaogryte som Asle står for.

Dei av medlemmene som trakterar musikkinstrument vert oppfordra å ta desse med.

Så då satsar me på at rett mange av medlemmene finn vegen til Romsa denne helga. Denne helga vert heilt fri for kjøpepress og loddsal. På Haukelandstunet har me kome så langt at det er høve til overnatting for inntil 6 personar.

Medlemmer som treng overnatting eller skyss ut kan ta kontakt på 905 92 376, så skal me sjå kva som kan ordnast.

Helsing
leiaren i Kystlaget Romsa