Fredag ettermiddag vart det satt opp busskur på Utbjoa.
I vinter har FAU i samarbeid med bygdeutviklingslaget jobba for å få eit busskur på Utbjoa. I krysset ned til ferjekaien er det heile 7 ungar som tek bussen. Dei har måtta stå i vegkanten med bilar kryssande frå alle kantar. Men takka vera konstruktiv masing frå Dimo, ein velformulert søknad frå FAU/Bygdeutviklingslaget og positiv grunneigar så kom busskuret opp nesten på rekordtid! Så i dag morges kunne busskuret tas i bruk av fornøgne jenter og gutar.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.