Foto:

Jordbærsesongen i gang på Bjoa!

Av: Kristian H. Resset 30.06.2000
No byrjer endeleg dei norske bæra å bli modne. I Toadalen på Utbjoa har dei starta haustinga av årets økologisk dyrka jordbær.
Kvar dag er nye knallraude bær klare til plukking hos Terje Askeland og Astrid Krunenes i bruket Toadalen. Ved sidan av ymse grønnsakplanter som dei både sel vidare og dyrker opp sjølv, kan dei no friste med store modne jordbær - dyrka uten bruk av sprøytemiddel, nett på same vis som dei andre grønnsakene på garden.
Bæra sel dei for kr. 30,- pr. korg, noko som neppe kan kallast nokon upris når ein snakker om saftige Debio-godkjente jordbær. Fiola viser her ei handfull av luksusbæra, og fortel at ein kan tinge korger på førehand ved å ringe 53769957.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.