Foto:

Julekonsert i Bjoa kyrkje 22.desember

Av: Elin Arianson 21.12.2006


Kom i julestemning med lokale artistar.
Unn deg ei fin oppleving i Bjoa kyrkje rett før jul!

Fredag 22. desember kl 18 er det klart for julekonsert med lokale artistar i Bjoa kyrkje. Bjoa Bygdeutviklingslag står som arrangør for konserten som byr på gode songar og tonar som kan bidra til at kvar og ein av oss får roa ned og komma i julestemning like før jul.

Det er eit poeng at artistane er barn, ungdommar og unge vaksne med røter på Bjoa. Dei yngste er representert ved ei gruppe av barn frå Bjoa barnekor. Også dei litt eldre skulle vera godt kjende for dei fleste i bygda. Her medvirkar Mildrid og Ingvild Arianson, Karl Olav Gjerde og Tor Magnar Sjo,- alle med høg kvalitet på det dei framfører.

Konserten i kyrkja er eit høve til å koma saman og finne roen rett før jul,- til song og tonar som vi kan ta med oss inn i høgtida.
Det er å håpa at flest mogeleg vil sikra seg billett til denne konserten. Det er førehandssal av billettar på Buo og hos Anne Gunhilde Oma. Prisen er kr 100 for vaksne, kr 50 for barn og kr 250 for familie.