Foto:

Julemarknad i Marknadshall

Av: Elin Arianson 26.11.2002


Bjoa Bygdeutviklingslag og Buo Landhandel inviterer til god gammaldags julestemning på Innbjoakaien laurdag 14.desember.

Ideen om ein marknadshall har mognast fram over tid. Inspirert av dei flotte marknadshallene som kvar ei lita landsby i sør- og mellom-Europa tilbyr dei lokale matvareprodusentane, har eg og fleire med meg ynskt å prøva ut den gamle sardinfabrikken på Innbjoakaien som marknadshall. Fabrikken måler 18 løpemeter i lengd og om lag 8 meter i breidda. Den blei i mange år nytta som kraftforlager for Stormøllen. Etter at det blei slutt på lagerhald for Stormøllen er det fleire i bygda som har nyte godt av å kunne setje frå seg ting her.
Men no er hallen rydda og gjort klar for bruk til årets julemarknad.

I regi av bygdeutviklingsprosjektet har ein marknadskommité kome godt i sving med arbeidet for å førebu den store Julemarknaden. Arbeidet går føre seg i nært samarbeid med Buo landhandel som vil ha ei sentral rolle på julemarknadsdagen.

Julemarknaden skal vera noko anna enn ein vanleg julemesse. Julemarknaden legg vekt på å oppmuntra til og støtta opp under lokal matvareproduksjon i småskala, lokale nisjeprodukter (som t.d. julenek med korn som har vakse på Bjoa), til mest mogeleg lokal daglegvarehandel i bygda og å oppmuntra til det sosiale fellesskapet og den gode drøsen i Drøsestovo.
Dei aller fleste som byr fram varer denne dagen høyrer heime på Bjoa, men du vil og finna nokre friske ”utanbygds” innslag.

Marknadshallen i den gamle sardinfabrikken skal bugna av tradisjonsrike matvarer produsert lokalt; flatbrød, lefser, pinnekjøt, fenalår og anna snaddermat av kjøt, fisk og fiskemat, bær. I tillegg til matvarene vil ein og finna juletre, julenek, kristtorn, nissar, lys og juledekorasjonar.
Buo Landhandel er landhandelen med det meste. Til marknadsdagen er butikken fylt opp med julevarer og dei lovar gode juletilbod. Her vil du og finne godt utval i juleblomar.
I Drøsestovo kan du kjøpa julegraut, betasuppe, kaffi, julegløgg, Bjoa-kaker og endå noko meir…

Marknadskommitéen vil gjera kva den kan for å skapa god julestemning på Innbjoakaien denne dagen. Det har allereie ryktast til andre bygder kva som skjer her på Bjoa så vi skal ikkje bli altfor overraska om det kjem folk både frå nær og fjern til bygda vår denne dagen. I tillegg til at marknadsdagen vil bli eit høgdepunkt i førjulstida for oss bygdefolk, så er det hyggjeleg om interessa for Bjoa og det som skjer her også lokkar andre til bygda. Utfordringa med parkeringsbehovet løyser vi med å organisere parkering ved helsehuset og kyrkja og setje opp skyss heile dagen for å frakta folk ned til kaien og tilbake til bilane med varer.

Når eg tenkjer på denne dagen så kjem den gode julestemninga sigande – litt etter litt. Vi lovar mykje julestemning på Innbjoakaien laurdag 14.desember!
Opningstida er kl 10.00- 16.00.