Som ein Sønn av Bjoa, slår det meg i hjarta at den vakre fjorden vår nå kan enda opp sjåandes ut som ein skrapplass. Der inntekt til nokon få skal ta bort eit arvegods få er forunt. Det er ikkje utan grunn at eg seier at eg ER fra Bjoa når nokon spør. Brasilianar som Bergensar. Vær så snill, la det for all del ikkje enda opp med at eg VAR!
Å la to nye oppdrettsanlegg som allereie har forureina ein fjord nå komma inn og forurensa fjorden vår vil vær ein skandale! Eg snakkar nok for alle oss som er Bjoabuar, og som ein dag ynskjer eit liv her på Bjoa ein dag med alt det innebere!
La oss få fortsetta å fortella om heimplassen vår, og kjenna stoltheten av at blir folk blir slørete i blikket når dei ser bilder frå Bjoa. La oss få muligheten til å gi unganae våre opplevelsen av å eta det havet har og tilby på stranda med Pappen eller Besten. La oss få sitta på Buo, gammal som ung med våre fiskehistorier om den store fisken som glapp og ikkje om fisket som glapp.
Eg skjønnar jo at det er møkje pengar med i detta. Og eg regnar med at kommunekassen er slunken og nåken millionar nok kan komma godt med! Men for kva pris?
Har ikkje Bjoa og naturen ein verdi i kommunen? Kem vil senda postkort fra ein fjord som ser ut som eit industrifelt? Eg har reist til mange land dei siste åra, og eg veit kor skuff det er å komma til ein plass ein trur er paradis på jord, for så å sjå det øydelagd av menneskelig griskheit. (Eg reiser ikkje tilbake)
For om dåke seier ja til enda fleire oppdrettsanlegg, vil det bli lettare og lettare å gi godkjenning til fleire!!?? Kor vil naturen me er så stolt av og glad i bli av?
Me blir ikkje alle rike me som bur her på Bjoa, men er det verdt å gi nåken få andre møkje meir ved å ta vekk det som me holde så kjært og som for oss på Bjoa ikkje kan målast i Pengar? Ta med i betraktning oss unge som vil ta Bjoa gjennom dei neste 50 åra. Kva vil dåke at me og våre ungar skal sitta igjen med? Findus vil aldri overgå nyfiska steikt lyr!
Eg er nå på veg heim til Bjoa for å fiska med min gode venn og nabo Magne Gjerde. Han er pensjonist og 67 år, eg er 27 år. Vårt vennskap starta med fersk fisk og krabbe. Gi andre den muligheita og! Vennligst ikkje ta detta frå oss!!
Vennlig helsing Oddbjørn Gjerde
Foto: Kari Dommersnes. Blikkstille Bjoafjord fra moloen ved Apalvik mot Bleng