Er det stemning for ny LagerLyd til våren? Har du lyst til å vera med i komiteen? Har du lyst til å spela? Har du tankar om korleis Bjoa LagerLyd 06 kan bli betre enn 05?
Veit du når det er konfirmasjon, eller sit på andre viktige datoar der ein ikkje bør arrangera musikkfestival på Bjoa? Ta kontakt med Linn på linngjerde@hotmail.com
I skrivande stund er det igjen lyd i kjellerstua mi. The Fence- ”Gjerde-bandet” har øving og tankane mine går til LagerLyd. Ynskjer Bjoabuen ein ny kveld med konsertar i lageret på kaien? Eg håpar det, har lyst til å dra i gong ein gong til. Men, då treng eg fleire som kan vera med og få dette til å skje.
I fjor var det berre to i komiteen, meg og Jarle. Det blei litt i minste laget, så i år håpar me at me kan få litt fleire med både i planlegginga, rigging av scene og i kulissane sjølve kvelden. Førre gong hadde me heldigvis kjekke frivillige som stod vakt og jobba i baren, så alt blei jo ikkje gjort av Jarle og meg. Men om nokon er interesserte i å vera med å få dette til så ver så snill å ta kontakt!
Eg blir også glad for innspel på kva type musikk de ynskjer at me prøver å få tak i, og lokale musikarar som kunne tenkje seg å spela må ta kontakt! Om du har meiningar om kva som bør/ikkje bør vera ein del av programmet så høyrer eg gjerne frå deg.
Og sist men ikkje minst. Når bør arrangementet gå av stabelen? I fjor kolliderte me jo som kjent med konfirmasjonshelga på Bjoa.. Nokon som veit når årets konfirmasjon er? Eventuelt andre arrangement me må styra unna? Me har lyst å få dette til i april/mai, lengre ut i sommaren er det så mange andre arrangement å konkurrera med..
Alle innspel om LagerLyd kan de senda til linngjerde@hotmail.com