Sitat: Bjoa og Vikebygd får nye barnehagar i kommunal regi.
Barnehagen på Bjoa er i for dårleg stand, og i Vikebygd har skulen behov for lokala barnehagen bruker, meiner rådmann Helge Thorheim i Vindafjord. Kommunestyret har difor vedtatt ny barnehage i begge bygdene. På grunn av god statleg finansiering reknar kommunen med at barnehagen reelt ikkje vil koste ei krone frå eiga lomme.
Med Tone Hatteland (H) i spissen, foreslo privatiseringskameratane i Frp, Høgre og Tverrpolitisk liste for Skjold/Vats å vurdere private opp mot kommunal utbygging og drift. Men til liks med utbyggingane i Vikedal og Ølensvåg, er det eit etablert fleirtal i kommunestyret for at kommunen skal ta seg av barnehagane sjølv. Sitat slutt.
Foto: Marit Eikehaugen. Mot barnehagen (helt bakerst) på Bjoa