Foto:

Klevisning på Bjoamarknaden

Av: Anne Gunhilde Oma 24.08.2001

På årets Bjoamarknad kan du få med deg noko heilt unikt.
Frå scena i gymsalen vil Vestida presentera sitt konsept;
sjølvdesigna klede for kvinner i alle aldrar og "fasongar".
Etter å ha overteke Bjoa Saum for vel eit år sidan, har Heidi og Siri Hammerstad etter kvart utvikla sitt eige konsept; klede for kvinner i alle aldrar og ulike "fasongar". Materiala dei har satsa på er ull og silke. Og, tru meg, silke er meir enn berre glatte, flortynne stoff. Av ulike stoff av silke og ull har Heidi og Siri laga fleire forskjellige modellar. På catwalken får du sjå 10-12 lokale damer/jenter presentera Vestida sine kreasjonar - alt frå elegante antrekk til røffare design og strikkeklede.