Foto:

Kløvertreff på Helsehuset

Av: Liv-Kari Bødtker  09.03.2018


Me ønskjer å fornya Dagsenteret, og vil prøva å laga til «Kløvertreff» på Bjoa Helsehus kvar siste onsdag i månaden kl 15.00 – ca 17.30
Du treng IKKJE vera gammal for komma her, og du treng heller ikkje vera dame!

Her er ALLE som er heime på denne tida av dagen velkomne til ulik aktivitet frå gong til gong, vafler og kaffi, utlodding – og ikkje minst - ein sosial samlingsplass med god drøs!

Første gongen – 21. mars (pga påskeveka) – er Anita Hansen frå Utbjoa «vertinne». Ho inviterer til gode gammaldagse brett- og terningspel, og håpar på god stemning rundt borda når terningen skal trillast. Kan bli mykje moro av dette.

Kaffi og nysteikte vaflar blir det sjølvsagt og utlodding.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.