Det var godt frammøte på Bjoa då framlegget til ny kommuneplan vart lagt fram. For meg gjekk det litt for fort til at eg kan uttala meg om denne. Spørsmålet om eigedomsskatt var det få som uttala seg om.
Det som verkeleg engasjerte var utspelet om dei tre grendaskulane gjennom pressa, og framlegget frå rådmannen om at desse bør leggjast ned. Alle som hadde ordet i denne saka ser det på same måten: Grendaskulane og oppvekstmiljøet for born og ungdom er for verdifullt til å verta redusert til ein salderingspost i budsjettet, eller brukt som ei brekkstang av pressgrupper som tøyer dei demokratiske spelereglane veldig langt.
Eg var sikkert eldste deltakar på dette møtet og har mi fartstid i kommunepolitikken. Eg veit at det å byggja opp ein nærings- og velferdsstruktur som den me har i dag, er ein lang prosess. Mange har vore med og lagt grunnsteinane og mange har gjennom lang tid vore med på grunnarbeidet. Nettopp fordi eg kjenner denne prosessen så godt opprører det meg at nokon er viljuge til å setja igong ein nedbyggingsprosess for å oppnå kortsiktige økonjomiske gevinstar.
Det kan nok vera at det eg nå skriv kan oppfattast som sjølvskryt, men det får så vera. Ved kommunevalet i 1968 fekk bygdelistene i Vik og Bjoa fleirtal saman med Senterpartiet. Frå ein tidlegare periode m.a som medlem i tiltaksnemnda og i idrettens kontaktutval hadde eg vorte kjend med mange som meinte at kommunen måtte få eit breiare næringsgrunnlag. Det var og kome utspel frå etablerte, næringslivsfolk som Georg Matre, Tormod Berge og Granberg m. fl.
Etter at valresultatet vart klart, hadde me møter der me i grove trekk drog opp retningslinene for den utbyggingspolitikken me ville føra. Både Høgre og Arbeiderpartiet hadde tidleg signalisert at dei ville vera med. Dei som var med er borte dei aller fleste. Nokre få er att som eg hugsar: Einar Halleland, Johs Heggen og Johan Oppheim. Det vart ikkje ført nokon protokoll frå møta, men Magnus Haugland som vart plassert i ordførarstolen noterte. Seinare vart han tiltakssjef med løn.
Saksområda var i stikkordform: Innkjøp og planlegging av industriområde, bustadfelt og sikring av vassrettar m.m. To viktige byggeelement var alt på plass: Oppvekstmiljøet i regi av friviljuge kulturarbeidarar og skulane. Og like viktig: Tilboda var for heile kommunen. Den såkalla ”gamleheimssaka” var løyst i perioden 60/64. Etter årelang strid om plassering vart ny tomt der kommunesenteret er no, forhandla fram og innkjøpt etter forslag frå bygdelistene.
Når me nå kan ta turen innover eller utover og sola oss i glansen av alt som er etablert, må me berre vedgå at det overgår alt som me kunne førestilla oss. Difor er det eit tankevekkande paradoks når det gong etter gong vert kasta fram forslag om nedlegging av grendeskular av økonomiske årsaker. Det slår meg at det må vera ein urimeleg praksis mellom verdiskapinga i kommunen og det me får att når andre har teke sin del av kaka.
Eg er heller ikkje ukjend med desse sentraliseringskreftene, sentralt og lokalt, som aldri kviler, og like lite no som før trur eg at det er omsynet til born, foreldre eller kommuneøkonomi som er drivkrafta. Den kjende stortingspolitikaren Jon Leirfall hadde eit namn på slike som luska rundt og gav råd. Han kalla dei "øyrekviskarar". Får de besøk av desse i administrasjonen så rå dei til å ta ein Torneroseblund. Eg trur det ville vera nyttig å la dei kvila ei stund.
Så til dei folkevalde i Vindafjord vil eg seia. Set ein sluttstrek for dette tullet med nedlegging av skular. Freda dei for minst ti år om gongen. Eg synest det er meiningslaust at kreative politikarar, kor dei enn kjem frå i kommunen, skal bruka tid og krefter på forsvar mot dei som vil byggja ned. De skal nå laga ny kommuneplan. Ta i bruk heile kommunen slik me la opp til i den gamle utbyggingsplanen. Og få optimismen på plass så stiller nok bygdefolk opp til dugnad som dei alltid har gjort, kan hende om det trengst også, gjennom eigedomsskatt.
Og så til slutt. For å demma opp for dei sterke sentraliseringskreftene sentralt, dei som forsyner seg grovt av lasset: Ein region av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vil i lag med andre regionar, vera ei god motvekt. La ikkje kampen om senteret verta stridsspørsmål. La det heller gå på omgang som formannskapet i EU.
Foto: Marit Eikehaugen. Sigmund Tveit.
Bilde nr. 2: Frå bygdamøtet på Bjoa 16. november.