Foto:

Kommunesamanslåing!!

Av: Kjartan Innbjo 20.01.2003

Er dette eit politisk spel eller eit nødvendig onde?

Er det dette me ønskjer eller blir det påtvunget?

Kvifor slik hastverk med denne samanslåinga av Ølen og Vindafjord?
Er det noko som politikarane veit som dei ikkje vil at me vanlege
borgarar skal finna ut før me eventuelt stemmer??

Eg ønskjer sterkt at dei kunne forsøkja eit nært samarbeid med innkjøp og bruk av diverse tjenester etc. på tvers av kommunegrensene, før dei går til skrittet Ekteskap. Kvifor kan me ikkje få på bordet reine tal? Kva blir den store forskjellen reint økonomisk? Kva med utkantene, blir dei verande endå lenger ute? Ved seinare avstemmingar, kvar vil fleirtalet liggja?

Så til politikarane. Kva med oss som er ukependlar? Møter blir
stort sett lagt til virkedager! Nei, ta den tida som trengst og la oss vanlege borgarar få litt meir kunnskap om det som skal bli så utrolig "verdiskapande" på Haugalandet!

Foto: Eirik Hustvedt. Kart over Ølen.