Foto:

Kompost - ei oppfordring te Bjoabuen

Av: Bjørg Haraldsen Bakke 26.08.2003
Som utfløtta Utbjoabu har eg sykla og gått mange gonger mellom Utbjoa og Innbjoa, og Bjoa er sjølsagt den finaste plassen i verda!
Når du kjem innante og har att et par svingar før huset til fam. Årvik, er der ei avkjørsle. Eller rettare sagt, VAR ei avkjørsle. Denne plassen kalla me sanddungane. Dette fordi der alltid låg nokre sanddungar der før i tida.
For mange år sidan begynte, av ein eller annan grunn, somme å dumpa "rusk og rask" her. Det ser ut som om alt som er rydda og klypt fra hagane på Bjoa har funne veien hit. Større og større har haugen blitt, for kvart år. Sist gong eg køyrde forbi låg greinene heilt uti vegen. DET SER IKKJE UT!
Ikkje vett eg koss det begynte, men nå når her er fullt, lurer eg på kor neste "dumpeplass" blir. Forhåpentlegvis ein litt mindre synleg plass.
Ellers vil eg med det same helse til alle kjende. Det er ei flott nettside dåke har!
Helsing Bjørg
Foto: Marit Eikehaugen. Der sanddungene lå tidligere!