Foto:

KONKURRANSE !

Av: Elin Arianson 28.10.2002


Bygdeutviklingsprosjektet lyser no ut konkurranse for å få laga ein eigen BJOA-profil.
Profilen er tenkt å kunne brukast for å marknadsføre Bjoa i ulike samanhengar.

Kvifor Bjoa-profil ?
Bjoa er eit godt namn på ei god bygd! Ved å ta ibruk ein fellesnemnar i marknadsføringa av varer, tenester og aktivitetar som er knytta til Bjoabygda vil vi kunne oppnå å skape ein sterkare identitet til bygda og vi vil kunne få ein felles gevinst ved at vi alle er med på å setje Bjoa på kartet.
Etter nærare retningslinjer vil verksemder, organisasjonar, lag, aktivitetar og produkter som har opphav i Bjoa skal kunne bruke profilen som ein fellesnemnar.

Kva skal vektleggjast i utforminga av profilen?
Profilen skal vera med på å skapa gjenkjenning til bygda Bjoa. Den skal gi uttrykk for ei levande bygd. Ei bygd som er i utvikling samstundes som forankringa i dei verdiane og tradisjonane som er skapt opp gjennom historia kjem tydleg fram.
Det er opp til konkurransedeltakarane korleis dei meiner dette best kan uttrykkjast i ein profil ( biletleg uttrykk / tekst).

Spesielle krav til utforminga:
Profilen må vera utforma med tanke på at den skal fungera i ulike format (stort/lite).
Profilen kan ha fleire fargar men må kunne fungere godt i svart/kvitt.
Namnet Bjoa skal vera integrert i profilen.

Premie !
Det er sett opp 3 premiar i konkurransen.
1.premie kr 2500,- og 2 stk 2.premiar á kr 500,-
Alle bidrag som er levert innan fristen blir vurderte.
1.premien vil gå til det framlegget som juryen vurderer som best kvalifisert til å brukast som Bjoa-profil. Dei to 2.premiane vil gå til dei framlegga som av juryen blir vurderte som svært gode, men som ikkje utan bearbeiding kan brukast som Bjoa-profil.
Juryen kan dele ut 2.premiane utan å dele ut 1.premie. Dette vil kunne vera aktuelt dersom juryen vurderer innsende forslag som så gode at dei med vidare bearbeiding kan brukast som Bjoa-profil.
Juryen har rett til å la vera å dela ut premier dersom det ikkje er nokon av dei innsendte forslaga som blir vurdert verdige premiering.

Innlevering av forslag.
Frist for innsending av forslag til profilkonkurransen er sett til
onsdag 18.desember 2002.
Forlag må vera merka med namn , telefonnr. og adresse til den som har laga forslaget.
Forslag kan leverast til Elin Arianson ( e-post: elin@bjoa.no, telefon 53 76 69 65).

Jury.
Alle forslag blir vurdert av styringsgruppa for bygdeutviklingsprosjektet. Kontaktperson: Leiar Harald Hetland. Vinnar vil bli offentleggjort på nyåret.