Foto:

Konsert

Av: Anne Gunhilde Oma 22.10.2001


Lørdag kveld var det konsert på Bjoa skule. Gruppa Kimia kjem frå Kongo og spelar heftig og fengande musikk.

Gruppa Kimia består av seks medlemmer, to damer og fire menn. For tida turnerer dei rundt i Norge. Då dei kjem frå ulike stader i Kongo får ikkje gruppa øvt saman regelmessig. Dette løyser dei ved å senda kassettar til kvarandre.(!) Det skulle ein nesten ikkje tru, for dei var utruleg samstemte.
Lørdag kveld framførte dei heftig og fengande musikk for det vesle publikummet som var møtt fram. Me fekk høyra alt frå "typisk afrikansk" til rap-inspirert musikk, og eit vanvittig trommespel.
Etter konserten fekk den yngre garden i salen prøva seg på trommene - noko som var svært så stas!