Andre oppgåva var ikkje fullt så enkel som første, skulle det vise seg. Prøver med ein ny plass som gjerne heller ikkje er kjent for så mange.
Igjen er bildet teke på tur med utgangspunkt på Bjoa, og viser ein stad som gjerne ikkje alle har sett før.
Det kom inn færre svar på oppgåve 2 enn på første oppgåve, nokre hadde også feil svar. Løysinga var Basli. Det hadde gjerne komme fleire rette svar om bildet hadde vore teke frå vegen nedanfor huset, der folk vanlegvis ferdast.
Bildet er teke på tur til Basli via Kistedalstjødn, ein tur som passar fint til ettermiddagstur. Følg Baslivegen innover og ta skogsveg opp til høgre mot Kistedalstjødn. For å komme til tjødna, må ein etter nokre hundre meter ta av skogsvegen og følgje merking.
Stien til Basli er merka med raudt, og går på vestre side av Kistedalstjødn.
Delar av turen går over myr og ned eit lite skar med ein del sleipe steinar, så det er ein fordel med gode sko.