Befinner du deg på Bjoa i ferien er Bjoanett lett tilgjengelig om du vil holde deg oppdatert. Et besøk innom Buo Landhandel gir deg fri tilgang til PC og dermed også klikk til nettsiden vår. Bjoalandets interaktive oppslagstavle byr nå på en ny nøtt. En sommerlig en. Hvor er dette og hvem eier her?
Vet du mer om historien bak plassen så vil vi gjerne vite det også.
Svar på Kor då nr. 34 = Badestranden i Gardavik på Utbjoa.
Her får du de innsendte svarene på kor då 34:
Geir Tveide: -Dette er utvilsomt stranda innerst i Gardavikjo, nedenfor hytta. Et aldeles nydelig sted, særlig dersom det blåser nordavind.
Anne Gunhilde Oma. -Detta er vel ein av dei plassane som Ølensbuen misunner oss; nydelige Garavikjo. Det er ein kjempeflott plass. For eit par år sidan var me ein gjeng som pussa opp litt i hytta der ute, så nå er det kjempefint. Det går an å leiga hytta til ymse formål - det er berre godt at huset er i bruk! Dei siste åra har bygda og hatt St. Hans-feiring her ute. Og sjølv om det nesten alltid er stygt ver på St. Hans så kjem det masse folk!
Dagfinn Knutsen frå Spor: -Detta må vera uti Gardavikjo.
Hilde Gundersen: -Dette må nå vera i Gardavikjo. Her har eg vore masse, både med 4H og St.hans. Ein nydelig plass!!
Elin K. Samland: -Det er i Gardavikjo.
Kari Dommersnes: -Gardavikjo
Kristine Rolfsnes: -Detta bilde trur eg kanskje er tatt i Gardavikjo. Igjen, god sommer:)
Gunnar Dalen: -Eit praktbilete av Gardavikjo er fanga av fotografen denne gongen. Mitt kjennskap til Gardavikjo starta då eg sat i kommunestyret ein gong for lenge sidan (1975 - 1983).
Dåverande eigar, som i tillegg til hytta har bygt opp den imponerande hagen, ville selja eigedommen. Såvidt eg hugsar, var det eit byggjefirma frå Karmøy som var kjøpar, og dei søkte om konsesjon for å overta eigedommen. (Pga. at eigedommen var over 2 mål, var det på den gongen konsesjonsplikt på overtakinga). Kommunen kunne i medhald av konsesjonslova gjera forkjøpsretten sin gjeldande, "viss viktige samfunnsinteresser tilsa det", og eg og eit par andre tok initiativ til å få det vurdert. Me såg det som verdifullt at folk flest kunne få tilgang til ei slik perle, og at kommunen difor måtte gå inn i kjøpars plass og overta eigedommen. Dette var ganske radikale idéar på 1980-talet, og eg blei grovt overhøvla av Utbjoas mest fornemme damer på kyrkjetroppa ein gong, minnest eg. Sjølvsagt gjekk det litt bygdapolitikk i saka også, slik at det blei utkant mot sentrum, som så mange gonger før og etter.
Kommunestyret var på synfaring, og Tor Vølstad utfordra motstandarane til å prøva badevikjo, for det blei hevda at den ikkje var brukandes. Tor heiv av seg kleda og jumpa uti, men ingen av motstandarane tok imot utfordringa. Det må ha vore utpå hausten, og noko særleg badever var det ikkje. Etter den episoden høyrde me aldri meir noko om at det ikkje gjekk an å bada der. Enden på visa vart at kommunestyret med knapp margin vedtok å nytta forkjøpsretten og dermed kom Gardavikjo tilbake på bygdafolket sine hender. Dominikus Bjordal var også sentral i dette "kuppet", og det er sikrast å spørja han (evt. kommunearkivet) om den vidare ferd.
Friluftsrådet og Grendautvalet har i dag mykje av æra for at det er så vakkert der ute som det ser ut på biletet, og det må også vera lov å nemna dugnadsgjengen med Elin Arianson i spissen, som har gjort eit stort arbeid med hytta. Så då gjenstår det berre for oss å bruka staden. Helsing Gunnar Dalen.
Bjoanett: Takk til alle som deltok denne gang. Dere er flinke. Fordi du har et riktig og svært så utfyllende svar, Gunnar Dalen den 6. på Dalen, går premien denne gang derfor til deg. Et ekte Bjoa-produkt kommer i posten. Gratulerer!
Vi har nå fått nytt lager av gjeve Bjoa-produkter, så vil du være med i konkurransen må du hive deg på.
Foto: Marit Eikehaugen