Forrige oppgåve var tydelegvis den vanskelegaste så langt.
Denne gongen prøver me med ein detalj frå ein meir kjent tur...
Denne gongen har eg lånt eit bilde av Marit, og sjølv om det berre er ein detalj, er det sikkert mange som har sett staden før.
Rett løysing på forrige oppgåve var Trodlafjell. Fleire hadde tippa at bildet var teke ein stad på Gråhorgja.
Trodlafjell ligg vest for Vikestølen, nord for Longavatnet. Bildet er teke nord/nordvest for Trodlafjell, så Vikestølen skulle ligge eit stykke utanfor venstre kant av bildet. Trodladalen og -tjødna, som ein kan sjå på bildet, ligg omlag vinkelrett på Longavatnet.
Det er merka sti frå Vikestølen til Trodlafjell, men merkinga skulle gjerne ha vore friska opp litt etterkvart.
Ein passande tur er å gå opp til Skrenuten frå Myrane, følgje toppane innover til Trodlafjell og gå ned til Vikestølen.
Frå Myrane kan ein gå opp frå m.a. opplagsplassen ved Tverrelva på Tunge, eller frå Skredalen.
I svaret sitt fortel Gunnar Dalen: "Skåro som såvidt er farbar/klatrebar midt i fjellveggen, er ikkje synleg herfrå, men i den veks Turt. Turten veks forøvrig også i fjellsida på andre sida av Longavatnet, og den fjellsida viser også på biletet. Sjeldan plante, altså."
På telefon fortel Gunnar at Turt er ei plante på omlag 70 cm med blå blomar, og at det er sannsynleg at hjorten beitar ho ned andre stadar enn her, der han ikkje kjem til. Ein må innover mot Suldal og Etnefjella for å finne planta andre stadar.
Foto, oppgåve 5: Marit Eikehaugen
Foto, oppgåve 4: Jarle Sandsgård