Inf. frå Bygdeutviklingsprosjektet. Skånevik Ølen Kraftlag støttar Bjoa Bygdeutvikling. Etter søknad har Kraftlaget støtta Bygdautviklingsprosjektet vårt med kr 30.000,-. Me takkar for pengane, og kan lova at dei skal verta nytta til bygdas beste, og i samsvar med søknaden. Ein takk også til SR-bank som også har støtta arbeidet med kr 30.000,-. Så med det same eg er inne på Bjoanett, vil eg nytta høve å takka alle dei som møtte fram på oppstartmøtet vårt, og kom med mange gode framlegg til kva me bør jobba meir med. Me vil fortløpande koma med informasjon om prosjektet. Det som vert jobba med no er å få tak i leierar i dei ulike temagruppene. Den gruppa som er igong, er arbeid med tradisjonsmat. Dersom du lurer på noko her, eller vil vera med, så ta kontakt med Elin Arianson eller Kristian Resett.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.