Kulturstien på Utbjoa
Av: Innsendt av: Marit Eikehaugen 17.10.2000
Kulturstien på Bjoa.
- hentet fra Ølen kommune sin Internettside.
Ølen er ein av dei kommunane i Hordaland der det finst mest helleristningar. I tillegg finn me gravrøyser, gamle båtstøer og skålgroper. Langs kulturstien finn me kulturminner frå bronsealderen (1500-500 f. Kr. f.) og høgmiddelalderen (1050-1350).
Helleristningar:
I Ølen kommune er det funne 5 hellerristingsfelt, og 4 felt med skålgroper. Desse ligg alle innafor Bjoa krins (på Utbjoa og Svolland). Dei 9 felta har til saman berre 30 figurar og mellom 40-50 groper. Likevel kan Ølen kommune reknast som ein av dei største helleristingskommunane i Hordaland. Helleristingane er av det slaget me kallar jordbruksristingar. Dei høyrer til bøndene sin kultur, og blir datert til 1500-500 f. Kr. f. Jordbruksristingane er vende mot sjøen, ikkje mot åker og eng (udyrka mark). Grunna dette er det ikkje rart at skipet er det vanlegaste motivet. Men og sol- og hjulkorset er vanlege motiv. På Hovlandsstøo er det funne ein figur som er tolka til ei hand med arm og utsrukne fingar. Her finn me også innhogde eit par fotsolar. Mykje tyder på at helleristingsbåtane er gode kopiar av verkelege båtar, men at djupare tankar kan liggja bak dette spesielle motivet.
Skålgroper:
Ei anna gruppe helleristingar er skålgroper i berg. På skålgropsfelta er det einaste motivet ei lita jamn gryteforma grop, gjerne frå 2-3 cm og opp til 10 cm i tverrmål. Dei er tolka som offergroper eller offerskåler, men sjølv om ein kjenner til tradisjonar frå seinare tider der det har vore ofra smør og bær er det heller uvisst om dette var den opphavelege meininga med dei. Ei anna tolking er at det var sjølve handlinga å hogge inn gropene som var det rituelt sentrale.
Båtstøer:
Om lag 200m nordvest for ferjekaien på Bjoa, bak dei sørlegaste nausta i Bjoavågen, ligg det restar eller 4 gamle båtstøer. Desse er markerte som tydelege vollar i terrenget. Støene er i gjennomsnitt 14x5,5 m, men har opphaveleg vore lengre. Støene ligg saman to og to med eit par meters mellomrom. Ein trur at støene er frå før-reformatorisk tid, kanskje høg-middelalderern (1050-1450). Dette er fordi dei har vore ganske lange, og ligg så langt oppe på land. Meir kan ein ikkje seia då dei ikkje har vore utgravne.
Gravrøyser:
Dei 5 røysene langs stien kan daterast til bronsealderen (1500-500 f. Kr. f.). Denne sorten røyser vert kalla "Munkerøyser" og er ganske jordfrie røyser. Desse røysene er lagde spreidd på fjellknausar og nes langs fjordane. I nokre av tilfella er ein del av steinane i toppen borte, og ein kan sjå ei steinkiste nede i røysa. På Donsviksneset ligg det ein varde. Denne reknar ein med er bygd på heller frå ei gravrøyskiste. Steinane i varden er komne frå sjølve røysa. Verden er antageleg bygd i forrige århundre.
Kjelde: Indrelid, Svein : Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune